GIFTE



då er vi gifte, eller rette ektefolk, både for stat og vårherre. det er veldig stas!

å gifte seg i toscana kan ikkje anna enn å anbefalast på det varmaste. det er rett og slett ein draum.

vi budde ei lita veke på ein toscansk olivengard, lecasacce, med store flottte leiligheter, terasser og basseng.
og det beste av alt var hjartet på garden. restauranten i fyrste etasje der meisterkokk enrico cassini briljerte med grytene. femretters av beste sort med den finaste vin er ikkje å forakte. i den grad mat kan vere kunst, er nok enrico ein av dei største kunstnarene vi har.

bryllaupsdagen var eit einaste langt festmåltid. etter frukost og slakking ved bassenget var det tre retter for meg og guri til lunsj. vi kunne fått et par retter til, men det var nokre sommarfuglar der som også ville ha plass. medan guri hadde frisør, tolk og frisørens handlangarar på besøk fekk eg spela fotball og bada med nevøar. det er ikkje feil.

eg har alltid vore stor i ord. og ein av mine lovnader har vore hotdog til forrett. men sidan store kokkar bestemmer menyen sjølv, måtte det improvisrast. difor blei det pølsefest for meg og borna på terrassen til nr3. så då holdt eg ord:)



velsigniga i hagen var open meisterskap i føleri. kona mi var finare enn nokon gong. erlend holdt ei fantastisk tale og sigrun sang dei finaste tonar. mykje veske gjekk tapt i hagen kan ein seie.

sprudlevatten, pizza, oster, og skinker før arne tok ansvar for fotos. betre start på bryllupsmiddag kan ein ikkje få.

sidan eg hadde herja med dei yngste heile dagen var dei i seng før bordsete. middagen var ein smak på himmelen. rettt og slett. og ein haug med fine talar. vanligvis syns eg taler kan bli keisamt. men ikkje denne dagen. rart:)

bryllaup i toscana må berre prøvast!

slenger på litt fotos, hulter i bulter, om du ynskjer å mimre, eller undrast på korleis vi hadde det




















































Roma


Da er vi i roma. Tastaturene er annerledes, derfor bokmaal. Mindre behov for aa der. Vi har det gullfint.

Forlover-Arne og forlover-Sigrid er og ankommet, og godt i gang med Spaghettitour 2007.

Det beste med roma er isen. Smaken man velger er hva isen smaker. Anannas-is smaker anannas. Sitron-is smaker sitron. Rett og slett deilig

Vi lar bildene fortelle at vi koser oss





Bryllaupsblogg!

Godtfolk!

Skal ein gifte seg no for tida er det naudsynt med eiga side på verdsveven.
Vi likar og tru at vi er relativt oppdaterte og hiv oss på "info-på-internett-karusellen".
Sånn litt etter kvart skal det kome både skildringar og fotografi her, men førebels blir det informasjon. Og det er det ein del av.
Info altså.
-om opphaldet i italia.
-festen laurdag 8.september
-venefesten laurdag 6.oktober
-ynskjeliste, den er lang !

Sikkert mykje anna og, men no er vi i alle fall i gong.

Bilder må ein visst ha på bloggar, difor hiv vi på eit frå 30.mai, då vi vitja byfogden i oslo


G&R

Ynskjer


Noko av det kjekkaste med bryllaup er gåvene. Særskilt for dei som får dei. I dette tilfellet er jo det oss.

Rune ynskjer seg seriegull. Guri synes og det hadde vore gildt. Då skal nemleg Rune moderere den i overkant sterke trongen til å sjå alle kampane til Sportsklubben. Men eit slikt ynskje er visst særs vanskeleg å få realisert.

Godt ekteskap og elles gode liv med friske barn og harmoniske dagar er ein annan klisjé av eit ynskje. Det er då noko vi skaper og ikkje får. Så det kan vi heller ikkje ynskje oss og rekne med å få.

Difor desse tinga. Men ting er kjekt det. Sjølv om vi sikkert ikkje treng dei alle i hop. Desse tinga gjer sikkert liva våre lettare, og dei kan nok heilt sikkert gje oss gode opplevingar og gode historier.

Bytte gåver er ikkje så kjekt. Difor er det lurt med ynskjeliste. Ynskjeliste er kjekt å ha, men keisamt å lage. Det er så altfor mykje like ting å velje i. lik funksjon og på det næraste lik utsjånad.


Vi har ei ynskjeliste hjå Jernia, Tilbords og ei hjå Glassmagasinet (passord: 080907toscana ). Og vi har andre ynskjer lista opp under her med lenker og slike ting.


På kjøkkenet:
- kjøkenmaskin av type kenwood major

På tur:
- GPS
- turwok
- sittetrekk til thermarest
- hengekøye
- tur vaffeljern
- turkaffikjele
- utandørs volleyballsett
- oter

Bøker:
- turbok, t.d denne
- kajakkbok, t.d denne

I Stova:

- spel
- Settlers
- Risk
- trivial pursuit

- videokamera

- tivoli radio
- duker

På soverommet:

- sengetøy

Anna

-klatrekurs

For samvitet:

- geit
- gris
- eller ein bitteliten skog